Quantcast
Channel: Presidentenes blogg » Fredagsgjesten
Viewing all articles
Browse latest Browse all 24

Realfag, jentefag eller?

$
0
0

Kvifor vel ikkje fleire jenter teknisk utdanning?
Andelen jenter på tekniske utdanningar var stigande utover på nittitalet, no går den tilbake.
Dette på trass av at fleire jenter enn gutar fullfører vidaregåande skule. Fleire jenter enn gutar får toppkarakterar.
Kvifor kan ikkje ingeniør konkurrere med lege, tannlege og veterinær om desse flinke jentene?
Forklaringa er kanskje at ingeniør er ikkje eit statusyrke.

Mange bloggar som dei unge les, handlar mykje om status og å ha eit perfekt liv. Høg lønn, veltrena kropp, motekle, ulasteleg sminke, perfekt familie og ein heim som kunne vore henta frå ein møbelkatalog.
Men er det noko motsetning her? Er ein ingeniør ein dvask, sidrumpa person i brun kordbukse og frakk, med ei dokumentmappe under armen?
Dagens ingeniør kan like gjerne vere veltrena, ha korte skjørt, høge hælar, raudlakka negler og ha ein PC i veska frå Louis Vuitton.

Vi som er ingeniørar må bli flinkare til å fortelje om det fantastiske yrket vi har, med viktige arbeidsoppgåver innan helse og infrastruktur. Utan ingeniørar kunne vi ikkje ha skifta hjarte på ein pasient eller ringt til kjærasten som studerer i USA. Mobiltelefon hadde vore eit ord utan meining.

Kanskje burde vi hatt ein kvinneleg Mac Gyver som kunne vise unge jenter at vi har eit spennande yrke. I dagens teknologiske verden treng vi fleire flinke ungdommar med teknisk utdanning. Høge hælar eller ikkje.
HUGS: Vi er med på å utvikle framtida for landet vårt.

Tone Teigen,
NITOs hovedstyre


Viewing all articles
Browse latest Browse all 24