Quantcast
Channel: Presidentenes blogg » Fredagsgjesten
Viewing all articles
Browse latest Browse all 24

Kva betyr kravet om utvida arbeidstid for deg?

$
0
0

Måndag starta lønnsoppgjeret med forhandlingar mellom Fellesforbundet og Norsk Industri. I samband med det hadde blant andre Bergens Tidende ein stor artikkel der dei fokuserte på pensjon.

I ei bisetning i same artikkelen, kom det fram at arbeidsgjevarsida har eit ønske om utvida rammer for dagleg arbeidstid. Dette er ei sak som ikkje må gøymast bort, men komme frem i lyset slik at folk flest faktisk skjønner alvoret ved at normalarbeidstida kanskje kan bli utvida fram til klokken 21.00.

Normal arbeidsdag i noverande avtale er frå kl. 06.00 til kl. 17.00. Jobbar ein utover den tida vil det normalt bety overtidskompensasjon. Får Norsk Industri det som dei vil, vert normalarbeidsdagen utvida til klokka 21.00.

Det vert heilt feil at arbeidstida, som er så viktig for dei fleste av oss, skal forhandlast «berre» mellom NHO og LO. Dette har fleire enn NITO sagt klart frå om i media.
Det er viktig at folk skjønar kva ei eventuell endring kan innebere. Her er det mange relevante spørsmål ein bør tenke over.

Mange jobbar litt på eige initiativ utover kvelden, les/svarar på epost og telefon. Dei gjer det fordi det passar slik den dagen, dei tek dette valet sjølv. Dersom normal arbeidstid vert utvida til kl. 21.00, vil ein då risikere at sjefen pålegg slik kveldsjobbing?

Det er vel også grunn til å tru at overtidssatsane ikkje lenger vil bli 100 prosent etter klokka ni, slik det er no?

Ein vil ganske sikkert ikkje få 50 prosent tillegg mellom klokka fem og ni.
Vidare vil sannsynligvis dei som går i turnus miste kveldstillegget. Dette rammar lommeboka til den tilsette. Fleire vil kanskje måtte gå to skift utan å få kompensasjon for det.

Samtidig ser eg også at for næringsliv og samfunn kan det bety både innsparing og effektivisering, men kostnaden er det arbeidstakarane som må ta i form av lågare inntekt og høgre arbeidsbelastning.

NITO har ikkje teke stilling til saka. Denne type endringar bør takast opp og regulerast i arbeidsmiljølova. Tariffavtalar er i utgangspunktet avtalar mellom to partar, der bør ein ikkje ta opp endringar som får verknad for resten av samfunnet.

Tone Teigen, Sogn og Fjordane
Hovudstyremedlem i NITO – landets største fagorganisasjon for ingeniørar og teknologar med 75 000 medlemmer


Viewing all articles
Browse latest Browse all 24